Eg trudde at no var du gått.
og at fred eg hadde fått.
I staden lyt eg enno ein gong
stilne deg med song.
Du gjer meg sliten og trøtt
slik har det vore støtt.
Eg tør ikkje sova
Då styrar draumene
Kunne berre nokon lova
at du ikkje styrde draumane.
Eg kjenner deg så vel
Du gjer meg lite sæl
Me får gå saman ei tid –
angsten min og eg.