lørdag 26. januar 2008

Angsten min

Ein gong hende det så mykje.
Det var då du vart mitt fylje.
Du knebla meg,
fekk meg å teia.
Du dreiv meg,
Eg fann nye vegar.

Eg lærde at du var min ’venn.’
Du skulle livet mitt fylje
i gode tider
i vonde tider.
Du finns der alltid.
Min uønska fyljesvenn.

Du får meg til å flyga
høgt og lavt, over alt.
Du får meg til å krabbe
blant tankar,
gråt og latter.
Du eig meg, fullt og helt.

Du får meg til å tvile
At det finnes eit liv der ute.
Eit liv kor meining gror
og gleda bor.
Ein stad kor eg kan stoppa.
Ein stad der freden bor.

Så mang ein gong eg vona.
At du no berre leika litt
At ’trigginga’ ikkje skada.
Eg kan ikkje styra
jobb og mitt levevis.
Du lev med både delar.

No har eg gjort det meste
for å sove deg ned igjen.
På jobb er eg ’vanskeleg’
fordi eg seier nei.
Vidare krisearbeid
er ikkje noko for meg.

Men du kjære Angsten min.
Det finns ting
du ikkje kan ta frå meg.
Ønsket om å leva
Lysta til å flyga
Å vite at eg og, er ein venn.