Angsten kveler meg,
den gjer meg kvalm.
Eg kan ikkje anda.
Eg fer ikkje luft.
Eg veit ikkje kva eg skal gjera,
ingenting nytter.
Alt kva eg plar gjera,
har ingen verknad.
Eg berre veit
at angsten skal ikkje styra
kva eg skal og ikkje skal gjera.
Angsten seier 'Gjøym deg!'
Eg seier 'Nei!
Angsten seier 'Spring!'
Eg seier 'Nei, eg sit'
Angsten seier 'Gret.'
Eg seier 'Nei du. Eg ler.'
I denne angstfulle verda,
dreg angsten og eg
kvar vår veg.
Kven vil vinna?
Eg berre veit
Det er eg som skal bestemma.
Angsten har ikkje liv.
Han lev sitt liv i meg.
Utan meg, ingen angst.
Og - utan angst,
er det meg?